Vi er Trollsletta Barnehage

Trollsletta barnehage er ein privat foreldreeigd barnehage i Volda sentrum. Barnehagen vart etablert i 1986 og er godkjend for barn frå 1-5 år. Vår profil og vårt satsingsområde er eit mangfald av opplevingar knytta til uteliv, uteleik, arbeid i smågrupper, eventyr, song, fri spontan leik og mange turar i barnehagens nærmiljø for små og store barn. Stabile og ansvarsfulle vaksne er eit varemerke for barnehagen.

Om barnehagen

Trollsletta Barnehage vart etablert som stifting den 6. oktober 1986. Barnehagen er i dag godkjend for barn frå 1 – 5 år.

Ei initiativrik foreldregruppe som lenge hadde søkt plass i Volda sin einaste kommunale barnehage Sollia, utan å få plass starta sjølve opp den første private heildags barnehagen i Volda Kommune.

Huset vi held til i var i si tid administrasjonskontor til det gamle sjukehuset i Volda. Etter flytting og ombygging er framleis lokala godt eigna til barnehage.

Organiseringa av barnehagen er satt opp med eit felles styre for den sjølveigande stiftinga Trollsletta barnehage. Alle foreldre som har barn i barnehagen er medeigarar. Styret har seks representanter, der fire er foreldre og to er frå dei tilsette. Styrar i barnehagen er dagleg leiar.

Barna i barnehagen er delt inn i ulike grupper ut i frå alder. Gruppene heiter Musegruppa (dei yngste), Ekorngruppa, Revegruppa og Gaupegruppa (dei største). 

Uteområde og nærmiljø

Uteområdet vårt er oversiktleg og inneheld høvelege utfordringar for barn i førskulealder. Små barn søv trygt i vogn under tak på flott uteplass, og vogner står i låst bod når dei ikkje er i bruk.

I nærmiljøet rundt barnehagen har vi faste turområde og naturleikeplassar i skogen og i Elvadalen, langs Øyraelva frå Rotevatnet og nedover mot hamna i sentrum. Vi prioriterer hyppige turar med sekk på ryggen for dei eldste barna i gruppa, der aktive vaksne formidlar god kunnskap om stort og smått.

Barnehagen har i tillegg til dagleg drift, med mange her og no situasjonar og eit fast gjennomgåande innhald i tråd med Lov om barnehagar og Rammeplan for barnehagen, gjennom mange år gjennomført ulike spesielle opplegg og aktivitetar.

Nokre døme:

Besøk på bondegard på våren, kontakt med husdyr.
Besøk på bygdetunet på Haualeite, tema "Tilbake til gamle dagar".
Fjøreturar til Garvarbudfjøra ved Voldsfjorden, krabbejakt mm.
Varierte turar til mange fantastiske turmål.
Fast opplegg med vasstilvenning og bading i varmtvassbasseng om hausten og vinteren for dei to eldste gruppene
Haustkaffi med besteforeldre og foreldre, Luciafrukost, og sommarfest er nokre sosiale møte der også søsken og familie kan ta del.

 

Gaupegruppa kallar vi dei barna som har siste året i barnehagen. Mange ekstra aktivitetar kjem dei til del på faste dagar, i lag med aktive vaksne. Dei får tid og rom til å vere eldst siste året, samstundes som vi hjelper, støtter og førebur oss på overgangen fram mot skulestart. Kontakt med, og besøk til grunnskulen skjer etter fast opplegg om våren. 

Kvar vår har vi med klump i halsen sendt frå oss barn vi har hatt "på lån". Vi veit at vi har gitt alle litt ekstra godt påfyll til skulesekken.

Kvar haust gler vi oss til å møte nye barn og foreldre som vi vil freiste å spele på lag med, framover mot skulestart.

Velkomen til Trollsletta barnehage!