Storbarn

Vår avdeling for storbarn er for barn fra 3-6 år.

Aldersbestemte grupper for storbarn er

- Ekorngruppa

- Revegruppa

- Mullegruppa 

Vårt fokusområde for storbarn er venskap, leik og språk. Me jobbar òg med den sosiale kompetansen og språket.

Kvar dag arbeider vi med venskap. Me ynskjer at barna skal ha moglegheit til å knyte band med kvarandre og få gode venskap. Me legg til rette for leiken og verner om ho. Me samarbeider på tvers av gruppene i barnehagen. Barna treng nokre eldre barn å strekke seg etter, medan dei eldre barna treng nokre litt yngre barn å lære å ta omsyn til.

Mange av barna er no inne i dei siste åra i barnehagen, noko som gjer dette til nokre svært viktige år for dei. Venskap skal styrkast, og barna må føreburast til skulen, der jobben vår er å hjelpe dei med å danne ei solid grunnmur med kunnskap og eigenskapar som vil hjelpe dei ved overgangen.

Fokusområda våre

  • Sosial kompetanse
  • Friluftsliv
  • Overgang skule

Me fokuserar på desse områda fordi me meiner dei er avgjerande for at barna skal få ein god overgang til skulen, der dei tar med seg verdiar og eigenskapar som vil vere med dei vidare i livet, og ikkje minst gode opplevingar som gjer at dei kan sjå tilbake på tida i barnehagen med eit smil om munnen.