Småbarn

Vår småbarnsavdeling er for barn mellom 1-3 år.

Dei minste i barnehagen tilhører Musegruppa. Sjølv om vi er ein ein-avdelingsbarnehage, har vi likevel delt opp i grupper ut frå alder. På den måten vår vi god kontakt og moglegheit for betre tilpassing av det pedagogiske arbeidet på barnas premisser.

Vi på småbarn er ein glad gjeng som held til i det såkalla Musebolet. Musebolet er eit rom inne i barnehagen, kor vi et måltid, leikar og lærer.

I barnehagen legg vi vekt på å skape trygge relasjonar og gi omsorg til kvar eitt barn. Vi samarbeider tett med foreldra for å sikre barnas trivsel og utvikling, og vi dokumenterer og kommuniserer regelmessig med dei.

Vi fokuserer på å gi barna tryggleik og omsorg i kvardagen, ved å vere tilstade og tilgjengelege. Vi bruker ein modell kalla "tryggleikssirkelen" for å bygge gode relasjonar med barna og hjelpe dei å føle seg trygge.

Aktivitetane våre tilpassar vi barnas alder og behov, og vi legg vekt på å gi dei varierte og meiningsfulle erfaringar. Gjennom året følgjer vi årstidene og planleggjer aktivitetar som styrkar barnas forståing for naturen rundt oss.

Vårt overordna mål er å skape ein naturleg samanheng i barnehagen, der alle barna kan utvikle seg og trivast gjennom leik og læring.