I dag er det 40 år sidan dei første barna starta i Trollsletta barnehage. Torsdag 24.09 inviterte barnehagen til fest i barnehagen. Barna underheldt med flott song og stor entusiasme. Det var fleire som holdt tale, mellom anna Rune Humberset som var den første styraren i barnehagen. Han fortalde livlig og med stort engasjement kring oppstart, friluftsliv og flotte opplevingar som har vore en stor del av barnehagen si historie.
Vi hadde laga bildevegg med historia til barnehagen, samt gruppebileter så langt tilbake i tid som vi kunne finne i arkivet vårt. Mange gode samtalar og historier vart delt, kake og is vart ete og det vart ei flott feiring.
Takk til alle som kom å feira den store dagen med oss!

