Trollsletta barnehage ser etter engasjerte tilkallingsvikarar som ynskjer ein meiningsfull arbeidskvardag!
Trollsletta er ein privat, foreldreeigd barnehage midt i Volda sentrum. Heilt sidan 1986 har vi skapt trygge og morosame rammer for barn i alderen 1–5 år.
Hjå oss er vi brennande opptekne av uteliv og gode opplevingar i naturen. Kvardagen vår blir fylt med:
-
Mange fine turar i nærmiljøet for både små og store
-
Uteliv, uteleik og spontan moro
-
Eventyr, song og kos i smågrupper
Synst du dette høyrest ut som noko for deg? Anten du kan stille opp mykje eller litt, vil vi gjerne høyre frå deg!
Ta kontakt med styrar på epost: styrer@trollsletta.no, tlf.:46951864
