Tilvenning og oppstart i barnehagen

Korleis nyttar du tilvenningsdagane best? Korleis handterer du den første og vanskelege avskjeden? Og kva treng barnet ditt i barnehagen?

Målet med tilvenning er ikkje å trene opp barn og foreldre til å seie «hadet» til kvarandre, men å gjere både barn og foreldre så trygge på barnehagen at det opplevast greitt å skiljast.

Allereie frå første dag i barnehagen og i fleire månadar vidare, foregår det ein intens jobb i barnehagane for å gjere barna trygge i sine nye omgjevnader.

Kor lang tid dette tar, og korleis denne tryggleiken blir oppnådd, er ulikt frå familie til familie.

Dei første dagane

Dei fleste arbeidsplassar gir foreldre rett til tre dagar permisjon med lønn for tilvenning av barn i barnehage. Kor raskt barn tilpassar seg livet i barnehagen varierer, men det er lurt å setje av minimum tre dagar til tilvenning.

Før eit nytt barn byrjar i barnehagen, må også vi i barnehagen vere godt førebudd. Barnet som byrjar får ein trygg og god primærkontakt, og denne sett av god tid til det nye barnet og foreldrene. På den måten vil tilvenninga bli ein god og positiv oppleving for alle saman.

Dag 1 (Varigheit: 1-2 timar)

Det er best om foreldrene held seg i nærleiken av barnet og er tilgjengelege heile tida. Det er òg ein god idé at dei deltek aktivt i introduksjonen av det nye miljøet. For personalet i barnehagen er det nyttig å sjå barnet saman med foreldrene. Det gir informasjon om mellom anna barnets vanar og måte å kommunisere på, og denne informasjonen vil seinare bidra til å gjere barnets kvardagar i barnehagen betre.

Dag 2 (Varigheit: 2-5 timar)

Personalet tek meir ansvar for barnet, tryggleik og tillit skal skapast i samspel.

På den andre dagen kan det vere tid for å forlate barnet åleine saman med personalet — dersom personalet opplever det som trygt for barnet.

Dette kan vere ein god dag for ein samtale mellom foreldrene og barnehagen. Her planleggast blant anna kor lenge den tredje dagen skal vare — alt etter kor godt tilvennt barnet allereie er.

Dag 3 (Varigheit: Etter avtale)

Det kan vere tid for å forlate barnet i barnehagen. Kor lenge ein skal vere borte avtalast på førehand, men det kan vere smart å vere så lenge borte at barnet både har rukke å ete, sove og leike.

Men ver alltid tilgjengeleg slik at barnehagen lett kan ta kontakt.

For mange opplevast det vanskeleg å overlate barnet til nokon dei ikkje kjenner. Dei fleste foreldre kjenner usikkerheit i forhold til om dei gjer det rette for barnet, eller om barnet vil trivast i barnehagen.

I Trollsletta barnehage har vi som praksis å ringe foreldrene etter ei stund for å fortelle korleis barnet har det i barnehagen.

Den første og vonde avskjeden:

Vis ikkje usikkerheit:

Fortell barnet at du skal gå — og gå når du har sagt at du skal gjere det. Viser du usikkerheit blir barnet usikkert, og tilvenningsperioden kan ta lengre tid. Det er viktig at barnet får erfare at foreldre ikkje går før dei seier ifrå — og at dei kjem tilbake etter ei tid.

Ikkje smyg deg ut:

Ikkje la deg freiste til å smygje deg ut utan at barnet merkar det. Det kan gjere barnet utrygt. Barnet skal erfare at foreldrene går, og at dei kjem tilbake. Det skaper forutsigbarheit for barnet.

Kva om barnet grin?

Om du forlet eit barn som grin og klamrar seg fast til deg, er det ikkje unaturleg å føle seg som ein dårleg forelder og tenkje at barnehage var ein dårleg idé.

Erfaringane i barnehagane tilseier at barnet sin gråt stilnar like etter at foreldrene har reist. Som regel sender kontaktperson i barnehagen ei melding eller ringar for å fortelle korleis det gikk.

Gode relasjonar:

At barnet ser at foreldrene er trygge på dei vaksne i barnehagen, kan gjere det lettare å godta at foreldrene forlet barnehagen.

Ha utstyret i orden
Her er nokre tips om kva barna bør ha med seg for å trivast godt i barnehagen.

Skiftetøy:

Barnet bør ha to heile skift i barnehagen til kvar tid. Følg nøye med på at dette er i orden. Vi sender ut ei oversikt over kva barnet treng å ha i skiftekorga si.

Sko til innebruk:

Opne, stødige sandalar som sit godt på foten. Sklisikre såler blir anbefalt. Helst ikkje "mjuk" såle.

Vanntette sko:

Gore Tex-sko er bra til utandørs bruk. Regnar det skikkeleg, er støvlar best.

Bleier:

Trusebleier fører med seg meir arbeid med påkledning for dei tilsette. Vanlege bleier er å føretrekke.

Merk tøyet:

Alt av klede og utstyr må vere merka med barnet sitt namn. Merkelappar finst i utallige variantar på nett. Ein merkepenn kan gjere like god nytte.

PS! Er du usikker på noko vedrørande klede? Spør oss som jobbar i barnehagen. Vi har lang erfaring med barn og påkledning.

 

(Publisert på barnehage.no av Lill-Tone Hansen)