Skip to content

Vedtekter

VEDTEKTER FOR STIFTINGA TROLLSLETTA BARNEHAGE – VOLDA

Vedtekne av Skiparane i møte 13.09.1986. Seinare endra etter forslag frå styret i samband med endringar i Lov om barnehagar.

§1. EIGARTILHØVE

Stiftinga Trollsletta Barnehage er ei sjølveigande stifting. Foreldre som til ei kvar tid har barn i barnehagen er eigarar .

§2. SAMFUNNSMANDATET TIL BARNEHAGEN

Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barnets behov for omsorg og leik , og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Jfr Barnehagelova § 1

Barnehagen skal bygge på grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon , slik som respekt for menneskeverdet og naturen , på åndsfrihet , nestekjærlighet , tigivelse , likeverd og solidaritet , verdier som kjem til utrykk i ulike religioner og livssyn og som er forankra i menneskerettane.

Barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide all form for diskriminering .

Barnet sine synspunkt skal vektleggjast i samsvar med barnet sin alder og føresetnader.

§3. FORELDRERÅDET

Foreldrerådet består av foreldra / dei føresette til alle barna i barnehagen. Foreldrerådet er barnehagens øverste organ .

Årsmøte skal avholdast innan 15.09 kvart år.

§4. STYRET

Styret til Stiftinga skal ha 6 medlemmer .

4  skal velgast  mellom foreldra til dei barn som har plass i barnehagenog er samstundes barnehagens samarbeidsutval .

2 skal velgast av og mellom dei tilsette i barnehagen.

Foreldrerepresentantar og vara skal velgast for minimum to  år – helst for heile perioden dei har barn i barnehagen.

Representantar for dei tilsette velgast for eit  år.

Val til styret skal skje i tidsrommet 15.08 – 15.09 kvart år.

Styret sine oppgåver :

  • Tilsette evt. nytt personale i barnehagen
  • Godkjenne innstilling til opptak av nye barn
  • Godkjenne barnehagens budsjett og resultatrekneskap
  • Godkjenne barnehagens Årsplan og samarbeide om barnehagens innhald
  • Syte for naudsynte forsikringar for barn , tilsette , innbu og bygning.

§5. SIGNATURRETT

Leiar i styret skal ha Stiftinga sin signatur.

§6. OPPTAK AV BARN – OPPSEIING AV PLASS .

Reglar for opptak av barn skal fastsettast av Foreldrerådet.

Ved opptak har barn som fyller 1 år innan utgangen av november rett på plass. Dersom barnet fyller eit år i løpet av august det året det vert søkt om plass har barnet rett på plass innan utgangen av august. Dersom barnet fyller eit år i september , oktober eller november det året det vert søkt , har barnet rett på plass innan utgangen av den månaden barnet vert født .

For opptak etter søknad skal barnehagen ha fyljande prioritering:

  1. Syskjen til barn som har plass i barnehagen frå før
  2. Barn som passar inn i gruppa med omsyn til alder og kjønn .
  3. Barn frå barnehagen sitt nærmiljø .

Tildeling av plass skjer etter samordna opptaksmøte i Volda kommune.

Oppseiingstida er ein månad rekna frå den første i påfyljande månad .

§7. OPNINGSTIDER / STENGINGSTIDER

Opningstid for barnehagen skal fastsettast av Foreldrerådet.

Barnehagen skal vere åpen frå kl 07.30 – 16.30 , mandag til fredag . Barnehagen har feriestengt 3 veker i juli.

Barnehagen har stengt på personalet sine 5 planleggingsdagar per barnehageår . Barnehagen har stengt i romjulsveka dersom ferre enn 5 barn har eit reellt behov for plass . Barnehagen har stengt i påskeveka .

§8. FORELDREBETALING

Betalingssatsane vert regulert av Lov om barnehagar gjennom føresegn om foreldrebetaling i barnehagar.

Foreldrerådet skal godkjenne betalingssatsane. Det vert gitt syskjenmoderasjon i høve nasjonale satsar .

Matpengar kjem utanom den månadlege foreldrebetalinga.

Det vert krevd betaling for 11 mndr. pr år. Juli mnd er betalingsfri .

Det er ein klar føresetnad at barnehagen skal drivast utan økonomisk forteneste.

§9. LEIKE- OG OPPHALDSAREAL

Norm for leike- og opphaldsareal er 4 kvm pr barn over 3 år , og 5,5 kvm pr. barn under 3 år. Netto leikeareal inne er 100 kvm .

§10. TEIEPLIKT

For all verksemd innan barnehagen gjeld reglane om teieplikt i forvaltningslova §§ 13 til 13 f  tilsvarande.

§11. POLITIATTEST

Ved tilsetjing må søkjar kunne legge fram godkjent politiattest .

§12. INTERNKONTROLL

Styrar i barnehagen er ansvarleg for oppfyljing av internkontrollrutiner.Barnehagen skal utarbeide rutiner for å sikre ein god kvalitet på tilbodet og hindre at barn vert utsett for ulykker i barnehagetida.

§13. GRUNNKAPITAL

Grunnkapitalen i Stiftinga er kr. 155.000,- som er ytt av skiparane ved dugnadsinnsats og gåver.

Endra , vedtatt og godkjent av styret 27.06.2018:

Arne Humberset, Hanne E Harnes, Elisabeth Teige, Andreas G Johnsen, Silje Hjelleset, og Rune Humberset